Grønnsaksdyrking
og trivelig samvær
- http://www.bergenokologiskelandsby.no/alt-innhold/aktiviteter/tidligere/gronnsaksdyrking
- Grønnsaksdyrking
- 2010-08-07T02:00:00+02:00
- 2010-08-09T01:00:00+02:00
- og trivelig samvær
- When 07.08.2010 01:00 to 09.08.2010 00:00 (CET / UTC200)
- Where Lygre, Nordtveitgrend
- Add event to calendar iCal
Vi har ein engelskmann buande, som har drevet med
grønnsaks-hagebruk i 30+ år, og er komt til Norge for å starte eit
'centre for food gardening research and education'. Han har også
nettopp gitt ut ein bok om dyrking av grønnsaker.
Vi aner ikkje kortid han finner (bortimot) den plassen han leiter
etter, og eg tenkte derfor at vi kan ta ein forsmak på det han vil
drive med, mens han enno er her :)
-Så, lørdag
og søndag 7.& 8.august vil vi invitere til eit minikurs med Robert
Milne, som han heiter. Han har nok gode tips om du er lærar som vil
praktisere hagebruk i skulen, vil dyrke eigne grønnsaker, er bonde,
eller berre er nyskjerrig!
Vi har ikkje heilt klart opplegg enno, siden eg kom
på dette nett i dag....Men det blir basert på boka hans (som er basert
på det opplegget han hadde i England), og det blir på engelsk. (Vi
hjelper kvarandre med å forstå dersom det kjem vanskelege ord).
Kurset er ei gåve! Ta med sovepose om du vil overnatte, og mat til måltidene.
Fleire detaljer kjem når eg har dei.
Påmelding til meg på denne eposten: livsgardsvero {at}gmail.com , eller tlf. 56 58 41 56.
Beste helsing
Veronica Lygre
Lygre Livsgard
5646 Nordtveitgrend.
('Geitost frå Lygrepollen', heilt sør i Fusa kommune 1,5-2 t. frå Bergen)